Møte i Alliansen for barnets 1001 første dager
Leder i Faggruppa for barne- og ungdomsfysioterapi representerte 10.06.2026 NFF på møte i Alliansen for barnets 1001 første dager saman med faggruppen for kvinnehelse. Inga Marte Thorkildsen er politisk leder i Alliansen for barnets 1001 første dager og ledet møtet sammen med generalsekretær Lena Y. Engelsen. Det er i dag 30 organisasjonar som i dag er tilknytta alliansen og som var representerte på møtet. Det var fleire innlegg av eksterne aktørar på møtet, som fremheva viktigheiten av arbeidet i alliansen.
“1001 Critical Days Foundation”
Møtet vart innleda med gjester frå Britiske “1001 Critical Days Foundation”, med CEO Will Quince og grunnlegger Dame Andrea Leadsom som delte sine visjonar og strategi. Dei trakk fram viktigheiten av å investere i familiar og foreldreskap, og påpeikte at småbarn ikkje har ein stemme og at vi derfor må vere pådriver for dei. CEO oppfordra til å “be the driving change to advocacy and be the change you want to see” og meinte at det trengs både samfunnsendringar, politiske endringar og økonomisk satsing på området. Han meinte også at befolkninga generelt liker å investere i småbarn. Den opprinneleg britiske alliansen har no valgt ut samarbeidsland på alle kontinent for å fremme alliansen sitt arbeid, dette gjaldt Australia, Sør-Afrika, USA og Norge. Alliansen for barnets 1001 første dager er glade for å kunne hauste erfaringar frå den britiske alliansen som har kome lengre i arbeidet.
Barneombudet
Hilde Silkoset er seniorrådgiver for barneombudet og steppa inn for barneombud Mina Gerhardsen. Ho snakka om at det generelt er ein trygg grunnmur for dei som veks opp i Norge, men at det er nokre byggesteinar som manglar i grunnmuren for nokre barn. Ho trakk spesielt fram økonomisk utryggheit og stress som påverker kvardagsliv og gjer foreldrerollen krevande. Hjelpa kjem ofte for seint og barneombudet ønsker helsefremmande miljø rundt familiane og kunnskapsbasert oppfølging.
Silkoset snakka om at god og effektiv forebygging starter allerede i magen. Ho sa at vi veit mykje om kva barn treng, om sårbarheit, risiko og kva som hjelper, men sårbare barn fangast likevel ikkje godt nok opp. Helsestasjonane er beredskapen i førstelinja for å følge opp sårbare barn tidleg. Ho sa at heimebesøk er viktige, men at hovedutfordringa er oppfølginga vidare. “Systema våre snakker ikkje godt nok saman, vi må utvide laget rundt barnet. Vi må tette gapet mellom å sjå at ein familie strever og oppfølginga”, sa Silkoset.
Avslutningsvis framheva ho gode oppvekstvilkår og universelle tenester og å ta i bruk forebyggande tiltak tidleg nok for å unngå forverring av tilstanden. Som fysioterapeutar for barn og unge er vi ein naturleg brikke i dette arbeidet, saman med våre samarbeidspartnere.
Kripos-rapport om alvorleg vald mot små barn
Anniken Inez Albretsen frå Kripos la fram Kripos-rapporten om “Alvorlig vold mot små barn 2019-2024”, oppdatert situasjonsbilde. Ho fortalte at lite dessverre har endra seg sidan den forrige rapporten til Kripos i 2019- og at det er ein frustrasjon over at det er slik.
I rapporten har Kripos gått gjennom straffesaker for barn under 4 år som har fått alvorlege synlege fysiske skader av vold. Det var 114 saker med 115 fornærma barn i perioden. 65% av sakene gjaldt barn under 1 år og ⅓ av dei var under 6 mnd. Fleire av barna hadde helseutfordringar som kolikk, prematuritet eller medfødt diagnose. Ifølge Albretsen er det vanskeleg å få klarheit i kva som har skjedd i sakene gjennom etterforskninga. I rapporten hadde dei sett etter kva som kjenneteikner sakene og kva som er risikoforståinga.
Albretsen omtalte nokre av skadene; det var 13 dødsfall- ikkje alle som direkte følge av påført vold, men i 8 av dei. I 53 saker var det brudd i kroppen- vanlegvis med fleire brudd, 26 hadde brudd i hovudskallen. Sakene var tatt med i rapporten fordi årsaksforklaringa og skadebildet ikkje stemte overens. Det var nokre saker med mistanke om påført alvorleg hovudskade mot barn, kjenneteikna med “risteskader” og i nokre saker var det forgiftning, der barnet hadde putta rusmidlar i munnen.
I alle sakene med dødsfall kom det fram at det var eit høgare konfliktnivå i familien i forkant, ofte i samband med samlivsbrudd. Få foreldre erkjente at dei hadde påført barnet skade med vilje, men erkjente hardhendt handtering. Ofte var det ikkje muleg å fastslå kven som utførte valden, saker blir ofte henlagte fordi ein ikkje kan plassere ansvaret, forklarte Albretsen.
Manglande varsling av saker
Når det gjaldt varsling av sakene, var det oftast foreldrene sjølv som oppsøkte helsehjelp, 7 av 10 saker vart meldt innan 24 timer. Tenestene tar ofte for gitt at andre instansar anmelder forholdet, eksempelvis barnevernet. I Kriposrapporten kom det fram at enkeltpersonar i systemet gjer ting veldig ulikt og at ein forheld seg ulikt til meldeplikta. Albretsen framheva at tid er veldig viktig for etterforskninga når små barn får skader. Lang varslingstid får implikasjonar for svekka etterforsking og barnet si rettssikkerheit.
Rapporten viste også at når eit barn blir skada kan ein ofte sjå at eldre søsken også har hatt uforklarlege skader. Albretsen forklarte at vold angår heile familiar og går over lang tid. Risikofaktorar er eksempelvis rus, psykiske plager, tidlegare straffehistorikk, vold/konflikt i heimen. For fedre er det oftere straffehistorikk/rus, mens mødre oftere har traumer etter vald/overgrep i nære relasjonar. Men, sakene kunne også omhandle personar utan slik sårbarheit og at dei ofte skjer spontant når foreldre er under stort press.
Rapporten såg også på det som tidlegare var kalt Munchausen by proxy, no kalla medisinsk mishandling. Kripos har sett på 17 saker tilbake i tid, nokre fellestrekk var at det hadde vore komplekse saker med mange legebesøk, barnet var bedre når omsorgspersonen ikkje var tilstades, det omhandla påføring av symptom, omsorgsshopping, feilinformasjon til helsepersonell, mor med helsebakgrunn og påfallande relasjon til helsepersonell ved konfronterande oppførsel eller ved å oppføre seg meir som ein kollega.
Albretsen avslutta med at man må våge å tenke tanken på at foreldre kan skade eit barn. Frykten for å ta feil er stor, men kva om du har rett og ikkje melder, spurte ho. Rapporten kjem med anbefalinger som å bygge eit felles kunnskapsgrunnlag, tydeleggjering av meldeplikten og senking av terskelen for å melde saker.
Oppfølging av Kripos-rapporten
På slutten av møtet var det gruppearbeid med forslag til korleis alliansen bør følge opp denne rapporten vidare. Her kom det fram mange konstruktive forslag som alliansen vil ta med seg vidare, eksempelvis at det er viktig med lavterskel tilbud for familiar og styrking av “laget rundt barnet” og familiane. For vår faggruppe sin del kunne det jo vere nyttig å vurdere om barn under 1 år som får brudd burde bli henvist til lokal fysioterapeut, med utgangspunkt i oppfølging av funksjonen til barnet etter gipsing/operasjon? Da kunne vi kanskje samtidig fanga opp eventuelle utfordringar familien står i og bidra til å avdekke behov for støtte i kvardagen. Som det er i dag er det vel oftast kun etterkontroll hos ortoped etter brudd, med mindre det er funksjonsutfall.
Vegen vidare i Alliansen for barnets 1001 første dager
Framover vil det bli jobba vidare med samarbeidsmodellen i alliansen. Faggruppen for barne- og ungdomsfysioterapi er glade for å vere ein del av arbeidet. Det var nyttig å drøfte gruppeoppgaver saman med blant andre Barnelegeforeninga, Barnepsykiaterforeninga og Homestart. Vi ser fram til det vidare samarbeidet og kva dei ulike faggruppene og organisasjonane får utretta framover.