Tverrfaglig samhandling i skolehelsetjenesten i Sandefjord kommune
Faggruppeleder om digital faglunsj med Helsesykepleierne NSF 12. Oktober.
Takk til Sandefjord kommune som delte sine erfaringar om det tverrfaglege samarbeidet mellom fysioterapeut i helsesykepleier i skolehelsetjenesten under den digitale faglunsjen faggruppa i barne- og ungdomsfysioterapi arrangerte i samarbeid med Helsesykepleierne NSF 12. oktober!
Det var 309 deltakere pålogga, og mange som satt saman og såg. Det var både interessant og inspirerande å høyre om kva Sandefjord har fått til og om korleis dei har organisert tenestene sine. Og, som leder i Helsesykepleierne NSF, Ann Karin Swang, påpeikte, er bærekraftige helsetenester avhengige av at vi får til eit godt tverrfagleg samarbeid som dei blant anna vektlegg i Sandefjord kommune.
Vi håper å få til fleire slike arrangement på tvers av faggruppene framover og ønsker gjerne innspel til ønska tema. Ta kontakt på barneogungdom@fysio.no om nokon kan tenke seg å dele sine erfaringar!
Opptak frå webinaret er sendt i mail til medlemmane, med mulegheit til å sjå den til 12. november.